Velkommen til verandaen
Kva assosiasjonar får du når du høyrer ordet veranda? Tenk tilbygg med frisk luft. Tenk uformell møteplass med plass til det som er både solbleika og storblomstrete. I alle fall helst ikkje altfor stivpynta.
Ein veranda er gjestfri, eit rom utan dør og tak og terskel. Ein plass for å slå seg ned utan å setta av dagen. Ein plass for å komma og gå. Treng me ikkje berre å berre setta oss ned litt, midt oppi alt me held på med, utan ein effektiv agenda som minner oss om kor lite tid me har? Så viser det seg at på verandaen er det plutseleg litt ekstra tid. Til å setja seg ned, strekka litt på beina. Ta av skoa?
Vel, det vert kanskje litt i overkant for enkelte, men velkommen uansett, sko eller ikkje. Slå deg ned litt på denne virtuelle verandaen hos oss på BÅDEOG. Me ligg midt i eit vegkryss, midt i Sandnes sentrum og eg tvilar på at kommunen regulerer utearealet vårt til ein verkeleg veranda med det aller første. Mens me ventar på det, tek me med glede i bruk dette blogg-tilbygget som gir litt armslag, til å meina, dela og inspirera.
Til det nære så vel som til det visjonære. Til deg og oss som lengtar etter oppdrift og samanhengskraft. «Der e någen folk som bare ikkje klare å sedda seg ner», syng Tønes i sin glimrande Reise aleina. Og det er jo verkeleg noko ein observerer overalt rundt seg om dagen. Ein treng slett ikkje peika på alle dei andre, heller. Ikkje sjeldan er ein jo sjølv ein av desse som kavar meir enn det som godt er. Så dersom BÅDEOG sin veranda kan vera ei lita påminning om å setta seg ned litt meir, er det fint.
I desse folkehelsetider må me vel forresten vera forsiktige med å be folk setta seg ned for mykje, for ikkje lenge sidan var det jo store avisoppslag om at stillesitting etterkvart tek livet av fleire enn det sigarettrøyken gjer. Det er det som er det fine med verandaen, ser du, at her er ingen djup sofa og siga ned i. Snart er du på veg vidare. Men velkommen innom.